Framover mot Hahnemann

Print Friendly, PDF & Email

Läkaren och homeopaten Anton Rohrerö

Intervju med lege og homøopat Anton Rohrer.

Poenget er ikkje å fylgja Hahnemann lik eit religiøs dogme, men å undersøkja om han sin metode er vellykka i høve å hjelpa våre pasientar.

Text: John Petter Lindeland, ordförande Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon NNH

Fråga: Som lege reknar eg med at du kunne ha ein god og lønsam praksis basert på det som er akseptert som vitskapleg medisin – og vera nøgd med det. Kva gjorde at du fatta interesse for homøopatien?

– Det var under medisinstudiet at eg kom over læreboka Organon av Samuel Hahnemann. Det som imponerte meg var Hahnemanns kritikk av den materialistiske medisinen. Eg finn at hans argumentasjon har den same relevans og verdi overfor vår moderne medisin. Samtidig møtte eg min fyrste lærar i homøopati, Mathias Dorcsi, i Wien. Han viste oss korleis me skulle oppta ein anamnese av pasientar på ein heilskapleg og empatisk måte. Det var hans haldning overfor pasientane som gjorde at eg bestemde meg for at ein slik medisinsk praksis ville eg også driva. Det tredje er at det nyaste innan dagens vitskaplege medisin er morgondagens mistak, og me kallar det «utvikling». Homøopati er i motsetnad tidlaus, sidan sanninga når det gjeld dei homøopatiske utprøvingane er gyldig til evig tid. Informasjonen om midla kan aldri bli feil.

Samuel Hahnemann Organon (6. utg.)

Fråga: Dagens vitskap konkluderer at homøopatien ikkje er betre enn placebo. Kva er din kommentar til dette?

– Denne konklusjonen er berre ikkje sann! For to år sidan blei det til dømes i ein australsk rapport konkludert med at homøopati ikkje er betre enn placebo. Denne rapporten gjorde krav på å vera basert på meir enn 1 800 studiar. Men av desse 1 800, blei berre 176 teke med i rapporten og av desse blei 171 ekskludert. Så, i realiteten, blei rapporten berre basert på 5 studiar! Dette betyr, at homøopati blei vurdert som berre placebo etter eksklusjon av meir enn 90% av dei publiserte studiane! Om du vil vita meir om desse undersøkingane, les rapporten frå The Homeopathy Research Institute (HRI) i London.

HRI analysis used to challenge the Australian Report [05.07.2017]

– Allereie i 1997, i ein stor meta-analyse, skreiv Linde (Tyskland) om førestillinga at homøopati truleg ikkje er betre enn placebo: «Resultatet av vår meta-analyse er ikkje kompatibel med hypotesen om at den kliniske effekten av homøopatien berre skuldast placebo». Denne konklusjonen er endå gyldig, jfr. det som den svenske vitskapsmannen Robert Hahn skriv i ein rapport frå 2013.

Homeopathy: meta-analyses of pooled clinical data [2013]

– I den tyske databasen frå Carstens Stiftung er det oppført i HomBrex (Homeopathic Basic Research Experiments) meir enn 2 200 titlar – i databasen COREHom (Clinical Outcome Research in Homeopathy) om lag 1 200 titlar om kliniske studiar – i HomVetCR (Veterinary Clinical Research Database for Homeopathy) 444 studiar som omhandlar behandling av dyr. Spørsmål: verkar placebo også på dyr?

– Min konklusjon er at dei fleste av desse studiane viser til positiv effekt av homøopatisk behandling. Fellesskapet av materialistiske vitskapsfolk kan likevel ikkje akseptera dette – og media er ein betydeleg medspelar i kampen mot homøopatien.

– Som den kjende britiske vitskapskapsmannen Francis Bacon ein gong sa: «Man prefers to believe what he prefers to be true.»

Fråga: CVen din viser at du har ein brei og allsidig homøopatisk utdanning.

– Etter at eg var ferdig med min medisinske utdanning ved universitetet, hadde eg stor entusiasme når det gjaldt å få med meg alle kurs som blei tilbode innan homøopati. På den tida eksisterte det i Austerrike ikkje noko curriculum for homøopati som kvalifiserte til godkjenning. Difor gjekk eg på kurs hjå mange ulike lærarar, hovudsakleg hjå George Vithoulkas i Hellas og Jost Künzli frå Sveits, som blant anna introduserte den kentianske repertoriemetoden til Tyskland. Eg møtte også Sankaran, men han sin metode blei for spekulativ for meg.

– Ein av mine hovudlærarar var Will Klunker frå Sveits. Han var medforfattar av The Synthetic Repertory, som var den fyrste utvida versjonen av Kents repertory. Dei store data-repertoriane, som me har i dag, hadde førebels ikkje kome på marknaden. Ved slutten av tusenårsskiftet, kom eit data-repertorie basert på Pocket book of Boenninghausen. Dette brukte eg gjennom mange år, inntil Syptomenlexikon blei publisert for om lag ti år sidan. Sidan den tid, har eg stort sett nytta dette verket – som både er ein kombinasjon av original materia medica-tekst og repertorium.

Uwe Plate SymptomenLexikon nach Hahnemann

Fråga: I boka – Hahnemanns Arbeitsweise (Plate og Rohrer) – refererer du til ulike homøopatiske «skuleretningar» – Kent, Bönninghausen, Boger, Vithoulkas, Sankaran, Scholten, Lippe osb. Alle desse gjer krav på å vera den klassiske versjonen, eller den rette tolkinga av Hahnemann si lære – og den beste måten å finna rett middel på. Sentralt er tolkinga av kva ein legg i omgrepet karakteristiske symptom. Du konkluderer med at ingen av desse har forstått meininga av dette omgrepet. Betyr dette at desse «skulene» har liten eller ingen verdi?

– Fyrst vil eg dela dei «klassiske» skulene (Kent, Bönninghausen, Borger, Lippe) frå dei meir moderne «spekulative» skulene som Sankaran og Scholten. Eg omtalar desse som «spekulative», fordi dei for meg er på avvegar i høve prinsippet om liknande kurerer liknande – slik Hahnemann forstod og la det fram. Desse «spekulative» skulene handlar meir om analogiar mellom planter og sjukdom, slik som signaturlære, eller analogiar mellom dyreåtferd og pasient. Eg brukar difor å kalla desse systema for analogopati. Homøopati er det ikkje.

– Problemet i tida etter at Hahnemann gjekk bort, var at ingen forstod metoden hans når det gjaldt identifikasjon av karakteristiske teikn og symptom i dei ulike homøopatiske midla. Dette er nøkkelen til seinare å forstå kva som er karakteristiske symptom hjå pasienten. Den homøopatiske materia medica er vår guide i møte med pasienten sine symptom. Ein pasient kan ha svært karakteristiske og rare symptom, men dersom desse symptoma ikkje eksisterer i signifikant omfang i vår materia medica, er desse svært rare symptoma til pasienten verdilause. Alle desse ulike skulene slik som Kent, Bönninghausen, Boger, Vithoulkas, Lippe – som krev å bli oppfatta som «klassisk», – prøver å tolka Hahnemann på ulike måtar: Kent deler symptoma mellom generelle og spesielle, Bönninghausens nøkkel er modalitetane osb. Alle desse skulene/metodane var hensiktsmessige inntil publiseringa av Symptomenlexikon. I tida før Symptomenlexikon, kunne me berre prøva å tolka Hahnemann – nå kan me med nøyaktigheit forstå korleis han arbeidde. I boka ”Hahnemanns Arbeidsweise” kan ein finna mange døme på kasus av Hahnemann som er løyst med dette verktøyet.

Plate/Rohrer Hahnemanns Arbeitsweise

Fråga: Du karakteriserer dette som ikkje å gå tilbake til Hahnemann, men framover mot Hahnemann. Korleis?

– Symptomenlexikon gjev oss for fyrste gonga i historia eit verktøy for klart å forstå kva Hahnemann forstod og meinte med nemninga karakteristiske teikn og symptom i midla. I mange middel (Pulsatilla, Bryonia, Rhus tox, Ignatia osb.), gjev han hundrevis av fotnoter for å samanlinka desse symptoma.

Samuel Hahnemann Ignazbohne, der Samen von Ignatia amara

– Det har tatt 200 hundre år før nokon har klart å gjera bruk av den informasjonen Hahnemann her har gitt oss. Med Symptomlexikon er det lett å forstå, og difor er dette det mest innovative som har skjedd sidan Kent publiserte sitt repertorium i 1897. Slik sett går me ikkje tilbake til Hahnemann, men for fyrste gongen har me høve til å fylgja han sin arbeidsmetode nøyaktig og reprodusera den. Me er ikkje lenger avhengige av ulike tolkingar. Dette har berre vore mogleg ved hjelp av moderne datateknologi, slik at Uwe Plate kunne omforma arbeidet sitt til bruk i klinisk praksis.

– Poenget er ikkje å fylgja Hahnemann lik eit religiøs dogme, men å undersøkja om han sin metode er vellykka i høve å hjelpa våre pasientar. Mange kollegaer melder om forbausande resultat ved bruk av dette nye verktøyet.

Fråga: I boka som nemnt, har du også fokus på mentale symptom – og gjev ei åtvaring om bruk av det som du definerer som «charakterzüge des normalen Lebens» (normale karaktertrekk). Kan du forklara skilnaden her?

– Alle symptoma som ein vel å bruka i jakta på rett middel, må vera sjukdomssymptom. Når det gjeld kroppssymptom er dette lett å forstå, men også mentale symptom må ha dette som utgangspunkt. I § 213 i Organon skreiv Hahnemann at det er mentale eller emosjonelle endringar frå elles normal tilstand som er gyldige symptom ein kan bruka. I § 208 skriv han: «For å kunne avdekka kva som i ein pasients liv kan forverra sjukdomen, eller vera til hinder for kur, må terapeuten ta omsyn til pasientens alder, livsstil og diett, yrke, livssituasjon og sosiale tilhøve osb. På same måte skulle hans tankar og emosjonar bli vurdert om dei er til hinder for kur, eller vurdert ut i frå om det trengs psykologisk rådgjeving, modifiserast osb.» I § 209 skriv han: «Etter at dette er gjort, skal terapeuten, gjennom fleire intervju, skissera sjukdomsbildet så komplett som mogleg…» Dette betyr, at så lenge ikkje tankar og emosjonar er endra i høve normal tilstand, er dette ikkje ein del av sjukdomsbildet. Hahnemann skriv om det same i både § 5, 94 og i fotnote til § 210.

– Innan dagens homøopati, er hovudfokuset lagt til mentale og emosjonelle tilstandar hjå pasienten. Pasienten skal bli forstått psykologisk. Utfordringa her blir å avgjera kva som er normal tilstand/karaktertrekk hjå pasienten i høve ulike livsutfordringar, og kva som er sjukleg.

Fråga: I Norge har me ein dramatisk nedgang når det gjeld homøopatisk praksis. Mange forklarar dette med negativ fokus i media. Eg trur dette er ein medverkande årsak, men meiner likevel at det sterke fokuset på mentale symptom – kombinert med ei meir eller mindre «spekulativ tilnærming » til både pasient og helse/symptom – har fjerna homøopatien frå den praktiske og kliniske terapiforma den er. Har du liknande erfaringar frå ditt eige heimland – Austerrike?

– Me har også ein liknande situasjon i alle dei tysktalande landa – Tyskland, Austerrike og Sveits. Den oppveksande generasjonen av terapeutar er ikkje interessert i homøopati. Alle dei faktorane du nemner, er gyldige også her. Men det er ikkje berre summen av desse som gjer utslaget (negative medieoppslag, fokus på mentale symptom, «spekulative» tilnærmingar og dermed mindre vellykka praksisar) – det er også eit spørsmål om tidsånda (Zeitgeist). Sjølv om faget ikkje er spesielt endra dei siste 40 åra – og sjølv om vår generasjon var entusiastisk overfor det – er tidsånda i mot homøopati. Eg trur at me må venta ein generasjon eller meir før våre barnebarn vil oppdaga homøopatien på nytt.

Fråga: Du har, saman med skaparen av Symptomenlexikon – Uwe Plate – gjennomført fleire interessante webinarar i høve publiseringa av den nye digitale online-versjonen SL5. For meg synes det som om dette verktøyet har tilført deg ny kunnskap i høve å forstå den homøopatiske arbeidsmetoden. I kva omfang brukar du dette verktøyet i din praksis samanlikna med andre metodar du har lært?

– Eg brukar Symptomenlexikon i om lag 95 % av alle kasus.

Fråga: Kva faktorar er det som avgjer om du brukar andre metodar/tilnærmingar?

– Ved sida av Symptomenlexikon, brukar eg Pocket Book of Boenninghausen and The Complete Repertory (ISIS program). I sjeldne tilfelle når det gjeld søk etter spesielle rubrikkar må eg bruka desse verktøya. I dag hadde eg til dømes ein pasient med smerte i same augneblinken han sette seg ned. I Symptomenlexikon finn eg modaliteten «verre av å sitja». Eg samanliknar då dei midla eg finn i rubrikken «verre av å sitja ned» i Pocket Book.

Fråga: Korleis er det å arbeida med Symptomenlexikon ved mentale eller emosjonelle tilstandar, samanlikna med andre repertorium?

– I andre repertorium kan eg finna eksakt mentale nemninga slik som «frykt for torevêr» eller «lyst til å drepa med kniv» eller «lyst til å drepa ein person som motseier». Dette er svært spesielle mentale tilstandar. I Symptomenlexikon kan eg finna alle mentale symptom som Hahnemann (og fleire andre slik som Stapf, Hartlaub & Trinks) publiserte i han sin materia medica. Vi har gode resultat med behandling av blant anna depresjon, utbrentheit eller angsttilstandar. Dette verktøyet gjev også høve til å kombinera emosjonelle tilstandar (depresjon, angst, sløvskap osb.) med samtidige fysiske plager slik som hjartebank, sveitte, kulde, søvnløyse osb.

Fråga: I kva grad meiner du val av potens er viktig for eit godt resultat? Turr eller i flytande form?

– Eg trur det har lite å seia. I kroniske kasus brukar eg LM-potensar, og ved akutte tilstandar C30 eller C200. I motsetnad til lova/prinsippet om liknande kurerer liknande, fylgjer ikkje potensvalet ei spesiell lov/prinsipp. Både høge og låge potensar kan kurera. Vanlegvis løyser mine pasientar midla opp i vatn.

Styrke og veikskap med Symptomenlexikon?

– Styrken er at eg med nøyaktigheit kan vita kva som er den reelle effekten av middelet; kva symptom eit middel verkeleg kan kurera. Det andre er at ein til dømes kan kombinera ein modalitet med ein sensasjon og få fram dei midla som signifikant har denne kombinasjonen. Dette er ikkje mogleg i eit repertorium. Døme: stikkande smerte som blir verre når ein går. Sidan ein i Symptomenlexikon får fram teksta direkte frå materia medica for alle midla når det gjeld denne aktuelle kombinasjonen, kan ein også vurdera kva som er mest liknande i høve symptoma til pasienten Ein vel som sagt ikkje middel frå ei repertorieliste, men ved studium av materia medica. Slik får ein også informasjon om det aktuelle symptomet eller symptomkombinasjonen er ein ekte signifikant effekt, eller berre eit tilfeldig prøvingssymptom frå pasienten. I andre repertorium har du ikkje høve til dette.

– Sidan Symptomenlexikon er relativt nytt, vil det vera eit kontinuerleg arbeid med forbetring framover. Verktøyet er også fruktene av eit menneske sitt arbeid (Uwe Plate). Han vil heile tida prøva å gjera det betre, laga nye rubrikkar og retta feil.

Fråga: Kva er di erfaring ved bruk av Symptomenlexikon og hudproblem?

– Ved at ein finn mange rubrikkar knyta til hud i SL, gjer dette arbeidet lettare. Men; generelt er hudproblem ikkje lett å behandla, sidan symptoma oftast er få og lite karakteristiske. Dessutan ynskjer pasienten å bli kvitt problemet så fort råd er, og spesielt dersom det opptrer i ansiktet.

Fråga: Du har i boka Hahnemanns Arbeitsweise presentert fleire kasus. Ei av dei omhandlar ei kvinne med akutte ryggsmerter. Ved seinare undersøking, viste MR tydelege teikn på spinalkanalstenose – og operasjon blei tilrådd. Etter nokre dosar av det valte homøopatiske midlet (Kreosotum) forsvann smerta, og fire år seinare er ho endå bra. Korleis forklarar du at symptom knyta til manifistert patologi kan helast ved hjelp av homøopati – sjølv om MR endå viser tydeleg stenose?

Norsk Helseinformatikk Hjerne/nervesystem
– Eit homøopatisk middel aktiverer dei sjølvhelande kreftene i pasienten. Ein kan aldri vita kva potensiale desse sjølvhelande kreftene har. Og dessutan kan det vera eit stort avvik mellom røntgenbildet og smerta den enkelte pasienten erfarer. Denne pasienten er endå smertefri i ryggjen, men er under fortsett behandling på grunn av at ho for ein del år sidan hadde brystkreft og levermarkørar i blodet. Med homøopatisk behandling er desse verdiane normalisert.

– Erfaringane mine med ryggproblem er både overraskande og forbausande. Blant anna hadde ein ven av meg eit stort ryggprolaps, isjassmerter med lamming av rectum – noko som indikerer at operasjon er nødvendig. Etter homøopatisk behandling kom han seg raskt, og har ikkje hatt problem seinare – nå 20 år sidan. Som nemnt kan det vera eit stort avvik i høve røntgenbilde, MRT, CT og smerteoppleving/ubehag. Nokre pasientar har store smerter med lite utslag på bilde, medan andre kan ha store utsalg på bilde, men mindre plager og ubehag.

Fråga: Du har også presentert eit kasus med KOLS som endte med eit godt resultat. Kva trur du potensialet er for homøopati når det gjeld alvorlege manifesterte sjukdomar?

Norsk Helseinformatikk Kols (kronisk obstruktiv lungesykdom)
– Homøopati kan aktivera dei sjølvhelande kreftene. Det som går an å kurera, kan helast med homøopati – det som ikkje går an å kurera, kan ikkje helast. Dette avheng ikkje av namnet på sjukdomen. Om du finn det rette homøopatiske middel, kan dette kurera kreft. Samstundes vil du ikkje ein gong kunne kurera det enklaste sjukdomsuttrykket om du ikkje finn det rette middelet. I utvikla, tung patologi er det som oftast ikkje nok med berre eit middel. Ein må som regel innom fleire middel avhengig av symptomuttrykket til ei kvar tid. Også livsstil og kosthald er svært viktig. I høve dette finn ein mykje god informasjon i både Hahnemann si bok Organon og i fyrste bind av Die chronischen Krankheiten.

Samuel Hahnamann Die chronischen Krankheiten (2. utg.)

Relatert artikkel:

Homøopat George Vithoulkas:
Is Hahnemannian homeopathy doomed to go into oblivion again?
”Det er ingen tvil om at homøopati er et vanskelig fag og at snarveier ivrig ønskes velkommen av de i vårt yrke som lengter etter det nye, det mirakuløse og det enkle. Men slike snarveier vil også ha sine egne mangler, og vil dermed gradvis øke den nedadgående tendensen i homøopatien.”

”Jeg er overbevist over at homøopatiens eventuelle fall vil skyldes ’kunstneriske forvrengninger’ som injiseres inn homøopatifaget av enkelte ’moderne læreres’ ’fantasier’ og ’projeksjoner’. Siden mange av våre studenter er mottakelige for myter og historier omkranset av vill fantasi, har mange såkalte lærere benyttet muligheten til å fylle dette gapet.”

Artikeln ursprungligen publicerad i NNH:s E-tidning >>>

 

 

Kommentera